|
|
|
FJELLKLATRING ISKLATRING INFORMASJON ANDRE TILBOD
|
FJELLKLATRING - ISKLATRING - FJELLFØRING Fjellklatrekursa våre foregår i Jotunheimen, først på Lom og deretter i Hurrungane. Dette er klatrekurs der du lærer å klatre både i felt og i fjellet. Det er ingen krav om forkunnskaper for å delta, men dei fleste som deltek har klatra litt inne. Progresjonen er rask på eit slikt kurs. Måndag kveld sit du på Lom og lærer du å knyte knutar og kva utstyret skal brukast til. Fredag er du på ein høg topp i Hurrungane, og laurdag får du prøve å sette eigne sikringar. Vi kan love to ting. Det er slitsomt. Og det er moro. Isklatrekursa foregår i Rjukan i samarbeid med Climb Inn. Det fører til eit stort tilbod av kurs frå ein til seks dagar. Nokre kurs er for dei utan erfaring og andre er for dei som har litt erfaring frå klatring på fjell og is. Vi har alt du treng av økser, hjelm og stegjern så du treng berre å melde deg på. Rjukan er den beste staden å drive isklatring på i Noreg. Prøv, så får du sjå kvifor. Fjellføringa vår inneheld ikkje klatring, men ofte klyving og isbrear. Frå Gjendebu har vi dagsturar heile sommaren. I tillegg har vi no 3-dagars fjellføring ulike stadar i Jotunheimen der alt av mat og overnatting er inkludert. Felles for all fjellføringa vår er at du berre treng å ta med gode fjellsko og kle så tek vi deg med på dei finaste turane vi veit om. |