Du kan få utsikt så det held på eit klatrekurs. I tillegg lærer du å kome deg opp bratte fjellveggar og du treff turfølge til turar i framtida. Det viktigaste du lærer på eit klatrekurs er kan hende tryggleik. Det vil seie å sikre på standplass, rapellere, enkel redning og å setje sikringar. Du kan ferdast trygt i bratte fjell etter eit slikt kurs. Klatreturar i kjende klatreområde på Vestlandet er måten du lærer klatring på under dette kurset. Etter trening i klatrefelt ventar velkjende klatreruter mot mektige tindar. Våre instruktørar har erfaring frå klatring i høgfjellet i ei årrekke, og fleire av dei har vore på høge fjell i andre land. Dei vil lære deg klatring i høgfjellet i større grad enn i klatreveggar. Og hugs: Klatring er ikkje risikosport, men ei bratt form for friluftsliv.