Post3

Josten på langs er ein relativt tung tur på ski. Du må rekne med å bli sliten, men sjeldan får ein så mykje igjen for slitet som på denne turen.

Første dagen er det oppmøte og ein kort kveldstur inn til Vetledalsseter, like under Erdalsbreen. Sjølve Josten på langs startar her.

Andre dagen går vi frå Erdalen til Ståleskardet ved Lodalskåpa. På vegen går vi opp både Erdalsbreen og det kjende brefallet Småttene ved foten av Lodalskåpa. Denne dagen er den tyngste, og vi må rekne med 12-14 timar på ski før vi når leiren. Total stigning er over 2000 meter. No er vi oppe på platået av Jostedalsbreen, og resten av Josten på langs går omtrent i denne høgda.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *