Målet med brekurset er å gjere deg trygg på breen. For å oppnå dette øver vi vegval, sikring, redning, orientering, snøbakketeknikk og klatring. Kvar instruktør har ansvaret for tre til fem deltakarar, så du er sikra god oppfølging i løpet av kursveka.
Første delen av kurset foregår på is. Det er gjerne isen som er den mest spennande delen av breen, og vi øver på gangteknikkar, sikringsteknikkar og redning.
Andre delen av kurset foregår på snø. Sjølv om snøen ser trygg ut så er det her dei største utfordringane er. Du får lære å leite etter og vurdere snøbruer, sikre med snøanker og gå i bratte snøbakkar på ein trygg måte.
Til slutt er det ein dag der deltakarane får prøve seg meir på eiga hand, samt litt klatring for dei som vil.
Normal fysisk form er nok for å klare eit brekurs. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane