Klatrekurs, brekurs og fjellføring i 2020

Klatrekurs i Jotunheimen

Hos oss lærer du klatring i fjellet og ikkje berre på klipper.

Dei første to dagane held vi til i Lom og øver inn taulagsrutiner og klatreteknikk.

Så reiser vi til fjells, til sjølvaste Hurrungane der dei flottaste toppane berre er tilgjengelig for dei som kan klatre. Du får være med på to høge toppar i løpet av klatrekurset.

På våre klatrekurs kan alle være med, ein treng ikkje ha klatra før. Og kan du litt klatring så kan vi lære deg meir. Etter kurset kan du nok til å klatre utan instruktør.

Vi brukar erfarne og godkjente instruktørar og har holdt kurs i Jotunheimen i over tjue år.

Les meir om kursprogrammet, datoar og prisar eller last ned informasjonen vi sender ut ved påmelding.

Brekurs – Jotunheimen og Jostedalsbreen

I løpet av eit brekurs lærer du alt du treng for å gå på breen utan førar. Du lærer vegval, sikring, redning, orientering og litt klatring.

Undervegs er det mange flotte opplevingar på breen, og ein av dagane tek vi ein topptur.

I tillegg til vanlege brekurs har vi minibrekurs, vidaregåande brekurs, brekurs for klatrarar og brekurs for skikøyring.

Vi har størst utval av brekurs, bruker erfarne og godkjende instruktørar, og vi har erfaring frå 1994.

Les meir om dette på www.bre.no.

Jostedalsbreen på langs på ski

Vårens vakraste skitur går på langs av Jostedalsbreen.

Mens resten av landet har vår og tidleg sommar tek vi på oss skia og reiser opp på breen i tre dagar. Utsikta og opplevinga er formidabel, og vi passerer det ville brefallet Småttene, høge tindar som Lodalskåpa og kjende utsiktspunkt som Kjenndalskruna og Supphellenipa.

Til slutt kjem vi til Flatbrehytta med utsikt over fjorden. Denne turen bør alle friluftsfolk gå minst ein gong.

Overnatting skjer i telt på breen.

Les meir om turen på www.jostedalsbreen.net og på www.bre.no.

FACEBOOK

2 months ago

Breoppleving

Brekurset denne veka var på Storebjørn (2222m). Storebjørn er ein spesiell topp sidan breen går nesten heilt opp til toppen. Her ser vi toppen frå Bjørneskar. Foto: Inger Margrethe Tronstad. ... See MoreSee Less

View on Facebook

2 months ago

Breoppleving

Restplasser - oppdatert oversikt
26.juli-1.aug: Brekurs fullt, Klatrekurs 2 plasser, Vidaregåande brekurs 2 plasser
2.-8.august: Brekurs 1 plass, Klatrekurs 1 plass, Alpinkurs 1 plass

Les meir om brekurs: www.bre.no/brekurs.html
Les meir om klatrekurs: www.bre.no/klatrekurs.html
Les meir om alpinkurs: www.bre.no/alpinkurs.html
Les meir om vidaregåande brekurs: www.bre.no/vgbrekurs.html
Påmelding: www.bre.no/brebutikk.html
... See MoreSee Less

View on Facebook

2 months ago

Breoppleving

Nokre bilete frå sist vekes alpinkurs. Eit alpinkurs er eit vidaregåande klatrekurs som også inkluderer eit par dagar på bre. Vi har forøvrig to plasser ledig på årets siste alpinkurs 2.-8.august. Alle foto: Henning Wang
Les meir her: www.bre.no/alpinkurs.html
Påmelding: www.bre.no/brebutikk.html
... See MoreSee Less

View on Facebook

2 months ago

Breoppleving

Restplasser - oppdatert oversikt
19-25.juli: Brekurs 3 plasser, klatrekurs fullt
26.juli - 1.aug: Brekurs 3 plasser, vidaregåande brekurs 4 plasser, klatrekurs fullt
2-8.aug: Brekurs 6 plasser, klatrekurs 2 plasser, alpinkurs 2 plasser
Det kan dukke opp nye plasser ved avmelding.
Les meir om brekurs: www.bre.no/brekurs.html
Les meir om vidaregåande brekurs: www.bre.no/vgbrekurs.html
Les meir om klatrekurs: www.bre.no/klatrekurs.html
Les meir om alpinkurs: www.bre.no/alpinkurs.html
Påmelding her: www.bre.no/brebutikk.html
... See MoreSee Less

View on Facebook

2 months ago

Breoppleving

NYE ledige plasser:
Klatrekurs 19-25.juli - 2 ledig
Alpinkurs 2-8.aug - 1 ledig
Vidaregåande brekurs 26.juli-1.aug - 4 ledig

Les meir om klatrekurs: www.bre.no/klatrekurs.html
Les meir om alpinkurs. www.bre.no/alpinkurs.html
Les meir om vidaregåande brekurs: www.bre.no/vgbrekurs.html
Påmelding: www.bre.no/brebutikk.html
... See MoreSee Less

View on Facebook